Fille-Vern
"Fille-Vern"
- dobbel munnharpe-CD med gamle og nye meistrar
​
Ein av grunnane til at Norsk Munnharpeforum vart stifta for
snart ti år sidan, var å gjera tilgjengeleg det gamle
tradisjonsstoffet som finns i arkiva rundt omkring - først og
fremst i NRK. Norsk Munnharpeforum har nå gjeve ut dobbel-
CDen "Fille-Vern - Gamle og nye mestre i norsk
munnharpetradisjon". Den første CDen inneheld arkivopptak
frå 1937 og framover til1970-talet. Her finn vi mange av dei
opptaka som utgjer grunnlaget for tradisjonsspelet vårt.
Vi kan nemne meistrar som Aani Rysstad, Mikkjel Kåvenes,
Anders K. Rysstad, Knut E. Brokke, Hallvard T. Bjørgum og
Torleiv H. Bjørgum frå Setesdal; Lars Holø, Per Sandvik og
Olav O. Aukrust frå Gudbrandsdalen; Olav Oreholti frå
Telemark samt Embrik Beitohaugen og Olav Hauge frå
Valdres. Den tekniske kvaliten på sjølv dei eldste av desse
opptaka er etter tilhøva svært god.
Den andre CDen inneheld stort sett låtar frå Landskappleiken og
NMF-festivalane teke opp i tidsrommet 1995 til 2005.
Her er meistrar som dagens fesivalpublikum kjenner att.
Pakka inneheld totalt 93 slåttar med ei speletid på tett oppunder to og ein halv time pluss eit 104 siders teksthefte med omtale av tradisjonar og spelemenn, noter og bilete (halvparten er engelsk omsetjing). "Fille-Vern" blir gjeve ut i samarbeid med plateselskapet Ta:lik og NRK og er støtta av Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk folkemusikk og danselag og Sparebankstiftelsen DnB NOR.
Konklusjonen er at dette er ei pakke som alle som er interesserte i tradisjonsspel på munnharpe må ha! Dette er rett og slett eit referanseverk. Vi takkar dei som har lagt ned så mykje arbeid i å få dette til!
Vi tek til slutt med baksideteksta som forklarar opphavet til namnet på låten og CDen:
"Fille-Vern" var tilnavnet til Vern Auversson (f.1792) som han hadde fått fordi han handlet med filler, et viktig råmateriale i datidas papirproduksjon. Slåtten av samme navn var ganske enkelt hans yndlingsslått. Den er fortsatt trolig den mest spilte slåtten blant munnharpespelemenn i Setesdalstradisjonen, noe hele sju versjoner på denne utgivelsen vitner om. Foruten slåtter fra Setesdal, der Vern handlet sine filler, får du høre munnharpespill fra alle de viktigste tradisjonsområdene i Norge, som Telemark, Hallingdal, Gudbrandsdalen og Valdres. Med et sjeldent dokumentert instrument som kanskje har røtter helt tilbake til vikingtid, presenteres på denne dobbelt CD-en for første gang opptak med både avdøde og nålevende spelemenn som dekker et tidsrom fra 1937 og fram til i dag.
Prosjektleiar for Norsk Munnharpeforum, Viggo Vestel, ønskjer å sende ein spesiell takk til Leiv Solberg i NRK. Han har vore til stor hjelp i arbeidet, men han vart dessverre ikkje nemnt i tekstheftet.
Medlemmar av MNF kan kjøpe CD-en for kr. 150,- (inkludert mva) pluss frakt ved å sende bestilling til
info@talik.no. Du må da seia frå at du er medlem i NMF.
Du kan høyre smakebitar her:
Kjøp CD'ane her:
http://www.talik.musikkonline.no/shop/displayAlbum.asp?id=31974&cid=&sid=
Du kan også kjøpe albumet frå andre platebutikkar, mellom anna frå Etnisk Musikklubb: http://www.etniskmusikklubb.no/
​
​
Dobbel CD + DVD frå Grappa Musikkforlag
I samarbeid med Grappa Musikkforlag AS (Heilo), har vi og fått produsert eit album med to CD'ar og ein DVD frå "den 4. Internasjonale Munnharpefestivalen på Rauland" i 2002.
​
​
​
​
​
​
​
​
​
​
​
​