Norsk Munnharpeforums æresmedlemmer
Æresmedlemmer er representert i stigende utdeling fra 2004.
Æresmedlem 2019
Folke Nesland
Folke Nesland, Heidersmedlem i 2019:
Folke Nesland kjem frå Bykle kommune, lengst nord i Setesdal. Han vart fødd i 1948. Han gjekk yrkesskule på Blakstad ved tømrar-linja, og var ferdig der i 1967. Seinare gjekk han 3 år på ingeniørskule i Malmø, og i 1975 vart han tilsett som kommuneingeniør i Bykle, der han jobba fram til han vart pensjonist i 2012.
Som så mange andre som voks opp på ein gard, dreiv han i tidlege år med litt smedarbeid. Mellom anna lærde han å smi knivar av far sin, men det var fyrst nokre år etter at han var komen heim til Bykle igjen at han for alvor tok til å interessere seg for smiding. Saman med ein annan kommunalt tilsett, Sven Håkon Jørgensen, samla han ein liten gjeng med smedentusiastar. For Folke sin del blei det i denne tida mest smiding av knivblad, men etter at dei i 1991 fekk tak i Bjørgulv Straume sin videokassett i munnharpespel, ville dei prøve seg på munnharper. Det gjekk tåleg greitt å lage bøylar til munnharpene, men fjøra skulle bli ei utfordring. Etter mykje eksperimentering fann han framgangsmåtar og materialar som gav god og kraftig lys. Harpene til Folke blir rekna som munnharpas Stradivarius. Etterspurnaden har vore umettande, og Folke fekk kundar over heile landet og i utlandet.
Folke lager òg skrin til munnharpene. Til desse bruker han gjerne bjørkeknutar som han finn lokalt. Både skrin og munnharper er lett kjennelege. Folke var av dei fyrste som tok til å stemme munnharpene, noko som mellom anna gjorde det mykje enklare å halde kurs i munnharpespeling.
Folke har med stor entusiasme delt kunnskapane sine med andre. Han har vore instruktør for ulike munnharpekurs, mellom anna fleire gonger på det årlege kurset på Gjøvik som blir arrangert av Norsk Munnharpeforum og Gjøvik spelemannslag. Med sitt arbeid har Folke ført munnharpa eit langt steg framover.
Folke Nesland er ein ekte kulturberar. I 2018 fekk han Bykle kommunes kulturpris for arbeidet som munnharpesmed, men også for sin store innsats som lokalhistorikar.
Æresmedlem 2016
Erik Røine
Erik Røine, heidersmedlem i 2016:
Erik Røine har spilt munnharpe lengre enn de aller fleste. Han ble født i 1946 og vokste opp i et musikalsk miljø. Faren var fiolinist, men også en kjent hardingfele-spillemann som dessuten spilte på de fleste andre folkemusikkinstrumentene, langeleik, bukkehorn, lur og munnharpe.
Erik begynte å danse leikarring som femåring og visstnok skal han også ha begynt med munnharpe da. Dessuten gikk han på Konservatoriet og lærte å spille piano. Men som niåring var han nesten som profesjonell å regne på munnharpe. I 1955 var han i Norsk Rikskringkasting og spilte i radio.
I arkivet står det: Erik Røine, munnharpe, "Stårøyguten" (0´55"), NRK Store Studio 30. Jan 1955. "Stårøyguten" skal også finnes på en RCA-innspilling, men her er den 1`10 lang. I en annen programrapport fra NRK samme år: Barnetimen, 11. Juni 1955; "prat med Erik Røine, som spiller munnharpe" (intervjuet av "Onkel Lauritz", eller Lauritz Johnson som han het. Og 20.nov. 1955 er han på radio igjen med "Pål sine høner" i Barnas Musikkstund, et innslag på 0´40".
Han fikk ikke med seg at munnharpa holdt på å dø ut mot slutten av sekstitallet. I stedet fikk han nærmest en munnharpe-hit på begynnelsen av syttitallet sammen med supergitaristen Robert Normann. "Her ser du gutta i fra Hallingdal og Valdres", var låta. Mulig hadde denne en viss betydning for at munnharpa ble svært i vinden utover på syttitallet, da det i Norge skal ha blitt solgt rundt hundre tusen østerrikske fabrikkharper.
Utover på sytti- og åttitallet har vi ingen informasjon om hvor hyppig munnharpa ble tatt frem. Erik var opptatt med familie og jobb. Bedriftskultur og ledelsesutvikling er hans felt og han er også medforfatter på den mye brukte boka "Prosjektarbeid" som omhandler dette område.
Men på nittitallet var det igjen tid for munnharpe, og i 1992 vinner han Landskappleiken på Fagernes og gjentar dette på Rauland i 1994. Og i 1995 drar Ånon Egeland i gang den første munnharpefestivalen på Fagernes og der er selvfølgelig Erik. Han utmerker seg som den erfarne munnharpespillemannen han var, og i løpet av de neste tre årene blir han trukket inn som instruktør og deltaker på konsertene. Det blir også noen munnharpekurs rundt omkring, bl.a. i Oslo sammen med Hallgrim Berg.
Etter munnharpefestivalen på Fagernes i 1998 ble noen av de mest ivrige sittende igjen og diskutere festivalens framtid, og selvfølgelig var Erik der. En ivrig deltager i det som skulle bli stiftelsesmøtet for Norsk Munnharpeforum.
Erik er folkedanser på elite-nivå og har hatt utallige kurs i inn og utland, ofte sammen med Anne, den ene av sine døtre. Helt til USA har ferden gått med både danse- og munnharpekurs. Han har til og med instruert Ungarns store danser Viktor Rona i Setesdalsgangar. Viktor var ved den norske operaballetten i mange år som Eriks dansepartner Ellen Kjellbergs faste ballettpartner. Erik var 3-4 år timelærer i folkedans ved Statens Balletthøgskole og Statens Teaterskole. Hans bror Harald spilte, og kunne ikke han, så brukte Erik munnharpa.
En heller ukjent side ved Erik er hans pianoferdigheter og fascinasjon for alt med tangenter, som orgel, elpiano og synthesizere. I sitt hjemmestudio har han komponert mengder med musikk i forskjellige stiler.
Han har gjort mange innspillinger med munnharpe, som den tidligere omtalte "Stårøyguten" fra 1955 og er med på en kassett fra samlingen til Valdres Folkemusikkarkiv 1997. Dessuten duo-albumene "Munnharpa" og "Munnharpe i 100", begge sammen med Hallgrim Berg. Dessuten Norsk Munnharpeforums egen utgivelse Fillevern.
Erik Røine blir æresmedlem av Norsk Munnharpeforum for sitt livslange engasjement for munnharpa. Han har vært et sentralt medlem siden han i 1998 var med i stiftelsesprosessen og har også vært styremedlem i årene 2002 til 2004.
Æresmedlem 2013 Bernhard Folkestad
Bernhard Folkestad, heidersmedlem i 2013:
Bernhard Folkestad vart fødd i 1946 og voks opp ulike stader i Vestfold. Han er utdanna som lektor og har arbeidd heile livet i vidaregåande skule i Finnmark, Nordland og Møre og Romsdal. Han har vore mykje engasjert i friviljug organisasjonsarbeid: TenSing, sokneråd, innsamling av folkemusikk i Hamarøy (via Tromsø Museum), visesong og instrumentbygging, i tillegg til arbeidet for Norsk Munnharpeforum. Bernhard Folkestad var med og stifta Norsk Munnharpeforum i 1998, og han sat i styret heile tida fram til 2011.
Bernhard Folkestad har, som utdanna pedagog med lang røynsle frå det norske skuleverket, hatt særlege føresetnader for opplæring på munnharpe. Han har lagt ned eit stort arbeid med å finna fram til høvelege opplæringsmelodiar og innlæringsmetodar. Han har vore drivande i å utvikla kursmateriale, og han har vore ein flittig og skatta instruktør på uteljelege kurs. Særleg har han hatt ei god hand med opplæring av barn, men både ung og gamal kjenner at dei får spesielt god kontakt med han.
Bernhard Folkestad har vore bladstyrar for medlemsbladet Munnharpa sidan starten i 1998. Trottug har det kome 4 utgåver kvart år, punktleg. Frå ei teknisk enkel byrjing, har han utvikla bladet til det heftet i firfargeprent som no kjem ut. Han har heile tida bedt om tilfang til bladet, og om det ikkje har kome inn nok, har han skrive sjølv. Bladet fyller ein viktig funksjon som dokumentasjons- og informasjonskjelde om det som skjer på munnharpefronten i Noreg. Vidare er bladet ei viktig kjelde for kunnskap om alle sider ved munnharpa, spel, framstilling, historie, kultur o.a. Alle viktige artiklar har han omsett til engelsk og lagt ved omsetjingane til utanlandske abonnentar. Gjennom dette har han skapt merksemd om dei norske munnharpetradisjonane langt ut over Noregs grenser. Bernhard Folkestad har eit stort kontaktnett, både innanlands og utanlands. Han har korrespondert aktivt med utanlandske ekspertar om alt som gjeld munnharpa.
Bernhard Folkestad si sterke interesse for munnharpa syner seg på mange måtar. Han spelar munnharpe på høgt nivå. Han interesserer seg ikkje berre for det norske tradisjonsspelet, men også for munnharpespel utanfor dei sentrale tradisjonsområda i Noreg og for utanlandske speletradisjonar. Dette formidlar han både gjennom å spela og å skriva om det i Munnharpa.
Bernhard Folkestad har gjennom åra samla munnharper, munnharpekuriosa og tilgrensande instrument. Dette utgjer stomnen i dei utstillingane av munnharper han står for på mest kvar einaste festival. Han har i tillegg skaffe seg ei rik boksamling om alle sider ved munnharpa. Dette gjer at han står fram med autoritet i diskusjonar om instrumentet.
Utan Bernhard Folkestad sin innsats ville Norsk Munnharpeforum vore annleis. Hans innsats er heilt avgjerande for at Norsk Munnharpeforum står fram som ein av dei mest aktiva munnharpeorganisasjonar i verda, og den sterke merksemda om norske munnharper og norsk munnharpespel internasjonalt.
Styret i Norsk Munnharpeforum finn at Bernhard Folkestad meir enn oppfyller alle kriteria i vedtektene for å bli utnemnd til heidersmedlem. Gjennom å utnemna Bernhard Folkestad til heidersmedlem, vil styret i Norsk Munnharpeforum takka for ein uvanleg sterk innsats for munnharpa i Noreg, og vonar at vi kan dra nytte av hans røynsler og kunnskap i åra frametter.
Bjørgulv Straume, heidersmedlem i 2008:
Bjørgulv var ein av dei som bidrog til eit nytt gjennombrot for munnharpa i 80-åra. Kassetten "Luftslaget", den første utgjevinga med munnharpe som hovudinstrument, vekte stor interesse hos mange unge, og vart retningsgjevande for den nye trenden i munnharpespel i mange år framover. Utanom at han skapte ein ny spelestil, har Bjørgulv også halde mange munnharpekurs, både i Setesdal og rundt i landet. Han har gjeve ut CD’ane Frå ætt til ætt og Hrynhendt, den siste saman med pianisten Øystein Kikut. Han har og vore med på fleire andre produksjonar, som Frå Senegal til Setesdal saman med Kirsten Bråten Berg, Solo Cissokho og Kouame Sereba.
Både her heime og i utlandet har han opparbeidd seg et stort namn som ein av dei beste og mest produktive munnharpesmedane våre. Bjørgulv har eit drivende godt dansespill, og han har vore med på å gjere munnharpa attraktiv som instrument til dans på kappleiker og i andre samanhengar. Han har vunne klassa for eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken to gonger, og dette førde til at munnharpa vart oppfatta som eit seriøst instrument.
Æresmedlem 2008 Bjørgulv Straume
Æresmedlem 2008
Reidar Sevåg
Utdelt på Norsk munnharpefestival i Oslo
Reidar Sevåg: heidersmedlem i 2008:
Reidar Sevåg vart fødd 20. januar 1933 i Oslo og døydde 7. november 2016. Han har hatt ei sentral rolle innan folkemusikkforskninga i Noreg. Han var konservator ved Norsk Folkemuseum frå 1947 til 1972, og seinare førsteamanuensis ved Norsk folkemusikksamling, Universitetet i Oslo. Sevåg var med i redaksjonen for verket Hardingfeleslåttar, Norsk folkemusikk, Serie I (1979, 1981), og har publisert ei rekkje artiklar om norsk folkemusikk både i Noreg og internasjonalt. Boka Det gjallar og det læt (1973), som handlar om folkelege musikkinstrument, er blitt ein klassikar. Sevåg har også vore leiar av Norsk folkemusikklag, frå 1965 til 1980.
I 1966 var Reidar Sevåg med i det populære TV-programmet Falkeklubben, der han fortalde om munnharpa. Dette var hovudårsaken til den store munnharpe-boomen på slutten av sekstitalet.
På 1970-talet laga han radioprogram om eldre folkemusikkinstrument. Her fekk mange for første gong høyre munnharpespel av dei gamle meistrane. Dette har, saman med engasjerande formidlingsarbeid retta mot studentar ved UiO og mot barn og ungdom på Norsk Folkemuseum, skapt grunnlaget for den aukande interessa for dette instrumentet i dag. Sevåg fekk også valdrisen Arne Haugli, som var vaktmeister på museet på den tida, til å produsere munnharper for å møte den aukande etterspurnaden. Hauglis munnharpe vart ein suksess, han laga over 600.
Rolf Karlberg, heidersmedlem i 2004:
Rolf Oddvar Karlberg vart fødd 26. mars 1931 i Oslo og døydde 21. november 2014. Han var utdanna arkitekt ved NTH og hadde kunsthistorie mellomfag frå UiO. Han arbeidde som arkitekt i eit privat firma, i Statens bygg- og eigedomsdirektorat og frå 1984 til 1996 var han direktør på Valdres Folkemuseum. Som museumsdirektør var han med og drog i gang dei årlege munnharpefestivalane, den fyrste på Valdres folkemuseum i 1995.
I utlysingsteksten for museumsdirektørstillinga sto det at det var krav om kjennskap til folkemusikk og dansetradisjonane i Valdres, noko Rolf hadde i rikt mon. Rolf har vore engasjert i prosjekt rundt dansetradisjonar og taktproblematikk, og skrive artiklar om ulike sider av musikk- og danseforskinga.
Rolf har vore nestleiar i Landslaget for Spelemenn, leiar i Laget for folkemusikk og Norsk Folkemusikklag. Han har site som medlem i Rådet for folkemusikk og var heidersmedlem i Øystre Slidre spel- og dansarlag. I lag med kona Magny fekk han Haldor Røynes ærespris.
Han har og vore kappleiksdomar, og halde kurs i spel og dans. Han har spelt in CD'en "Låtta o låttestev frå Valdres", og ilag med familien spelar og syng han på CD plata "Tre ord te de". Rolf var med då Øystre Slidre spel- og dansarlag oppnådde ein 3. plass i lagspel hardingfele på landskappleiken på Gjøvik. Som soloutøvar hadde han førstepremie både i kveding og på munnharpe på kappleikar, i tillegg til at han saman med Magny har førstepremie frå Landskappleiken i dans klasse A.
Æresmedlem 2004
Rolf Karlberg
Æresmedlem 2004
Leif Løchen
Leif Løchen, heidersmedlem i 2004:
Leif Løchen (1921 - 2011) var også heidersmedlem i "Landslaget for spelemenn" og i "Norsk lur- og bukkehornlag". I 2001 fekk han Kongens Fortenestemedalje i gull. Han fekk fleire andre prisar for kulturinnsatsen sin, blant anna fekk han i 1997, saman med kona Gunnhild, kulturprisen frå Vågå, heimekommunen deira.
Leif Løchen var utdanna som arkitekt og har arbeidd som konservator på Folkemuseet i Oslo og ved "De Sandvigske samlinger" (Maihaugen) på Lillehammer i tillegg til perioder som gardbrukar på Valbjør, garden til Gunnhild. Heile tida hadde han eit sterkt engasjement for folkemusikk og han var ei drivkraft i å samle kunnskap om gamle tradisjonar og ikkje minst i å blåse nytt liv i dei. Han hadde såleis mykje å seie for den oppblomstringa som har vore innan "eldre folkemusikkinstrument" som munnharpe, salmodikon, langeleik, bukkehorn, lur og fløyter. Han har vore redaktør i Spelemannsbladet.
Han gav mellom anna ut bøkene "Fra skorofele til salmodikon" og "Kantor Lars Roverud og hans salmodikon".