|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
"Fille-Vern" - dobbel munnharpe-CD med
gamle og nye meistrar
Ein av grunnane til at Norsk
Munnharpeforum vart stifta for snart ti år sidan, var å gjera tilgjengeleg
det gamle tradisjonsstoffet som finns i arkiva rundt omkring - først og
fremst i NRK. Norsk Munnharpeforum har nå gjeve ut dobbel-CDen
"Fille-Vern - Gamle og nye mestre
i norsk munnharpetradisjon". Den første CDen inneheld arkivopptak frå
1937 og framover til1970-talet. Her finn vi mange av dei opptaka som utgjer
grunnlaget for tradisjonsspelet vårt. Vi kan nemne meistrar som Aani Rysstad,
Mikkjel Kåvenes, Anders K. Rysstad, Knut E. Brokke, Hallvard T. Bjørgum og
Torleiv H. Bjørgum frå Setesdal; Lars Holø, Per Sandvik og Olav O. Aukrust
frå Gudbrandsdalen; Olav Oreholti frå Telemark samt Embrik Beitohaugen og
Olav Hauge frå Valdres. Den tekniske kvaliten på sjølv dei eldste av desse
opptaka er etter tilhøva svært god. Den andre CDen inneheld stort sett låtar frå Landskappleiken og NMF-festivalane teke opp i tidsrommet 1995 til 2005. Her er meistrar som dagens fesivalpublikum kjenner att. Pakka inneheld totalt 93 slåttar med ei speletid på tett oppunder to og ein halv time pluss eit 104 siders teksthefte med omtale av tradisjonar og spelemenn, noter og bilete (halvparten er engelsk omsetjing). "Fille-Vern" blir gjeve ut i samarbeid med plateselskapet Ta:lik og NRK og er støtta av Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk folkemusikk og danselag og Sparebankstiftelsen DnB NOR. Konklusjonen er at dette er
ei pakke som alle som er interesserte i tradisjonsspel på munnharpe må
ha! Dette er rett og slett eit referanseverk. Vi takkar dei som har lagt ned
så mykje arbeid i å få dette til! Vi tek til slutt med baksideteksta som forklarar opphavet til namnet på låten og CDen: "Fille-Vern" var
tilnavnet til Vern Auversson (f.1792) som han hadde fått fordi han handlet
med filler, et viktig råmateriale i datidas papirproduksjon. Slåtten av samme
navn var ganske enkelt hans yndlingsslått. Den er fortsatt trolig den mest
spilte slåtten blant munnharpespelemenn i Setesdalstradisjonen, noe hele sju
versjoner på denne utgivelsen vitner om. Foruten slåtter fra Setesdal, der
Vern handlet sine filler, får du høre munnharpespill fra alle de viktigste
tradisjonsområdene i Norge, som Telemark, Hallingdal, Gudbrandsdalen og
Valdres. Med et sjeldent dokumentert instrument som kanskje har røtter helt
tilbake til vikingtid, presenteres på denne dobbelt CD-en for første gang opptak
med både avdøde og nålevende spelemenn som dekker et tidsrom fra 1937 og fram
til i dag. Prosjektleiar for Norsk
Munnharpeforum, Viggo Vestel, ønskjer å sende ein spesiell takk til Leiv
Solberg i NRK. Han har vore til stor hjelp i arbeidet, men han vart dessverre
ikkje nemnt i tekstheftet. Medlemmar av MNF kan kjøpe CD-en for kr. 150,- (inkludert mva) pluss
frakt ved å sende bestilling til Du kan høyre smakebitar og kjøpe CD'ane her: http://www.talik.musikkonline.no/shop/displayAlbum.asp?id=31974&cid=&sid= Du kan også kjøpe albumet frå andre platebutikkar, mellom anna frå Etnisk Musikklubb: http://www.etniskmusikklubb.no/
Dobbel CD +
DVD frå Grappa Musikkforlag I samarbeid med
Grappa Musikkforlag AS (Heilo), har vi og fått produsert eit album med to
CD'ar og ein DVD frå "den 4.
Internasjonale Munnharpefestivalen på Rauland" i 2002. Klikk på
biletet over for å gå til Grappa. Her kan du høyre kutt frå platene og
bestille albumet.
Utanlandske CD'ar:
Mange av dei norske og utenlandske CD'ane kan bestillast ved å kontakte: Etnisk Musikklubb, kundeservice@etniskmusikklubb.no. Du kan også finne mange andre gode folkemusikktilbod ved å studere katalogen, som du finn på: http://www.etniskmusikklubb.no/ |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
©2000
Norsk Munnharpeforum Sist oppdatert 2011-04-05 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||