|
|
|
|||||||
|
|
||||||||
|
|
||||||||
|
|
||||||||
|
Norsk
Munnharpeforum Norsk
Munnharpeforum vart stifta i 1998 og har nå over 100 medlemmar. NMF har som
mål å utvikle interessa for munnharpa i Norge og å drive opplæring på
munnharpe, vidare å formidle kunnskap om munnharpetradisjonane våre, korleis
instrumenta blir laga og kva for musikk som fins på munnharpe. Vi ser det
også som viktig å formidle kunnskap om munnharpetradisjonar i andre land.
Interessa i utlandet for norske munnharpetradisjoner er etter kvart blitt så
stor, at det er ei høgt prioritert oppgave å drive ei eiga web-side. For at
ho skal fortsetje å væra eit godt og mangesidig forum, ber vi alle som bruker
ho om å koma med forslag til vidare utvikling. Styret i Norsk
Munnharpeforum:
Org.nummer NMF: 981888979. Medlemskap: E-post:
si-solb<krøllalfa>frisurf.no (Spam-filter; erstatt
<krøllalfa> med @.)
Heidersmedlemmar:
Leif Løchen (1921 - 2011) var også heidersmedlem i "Landslaget for spelemenn" og i "Norsk lur- og bukkehornlag". I 2001 fekk han Kongens Fortenestemedalje i gull. Han fekk fleire andre prisar for kulturinnsatsen sin, blant anna fekk han i 1997, saman med kona Gunnhild, kulturprisen frå Vågå, heimekommunen deira. Leif Løchen var utdanna som arkitekt og har arbeidd som konservator på Folkemuseet i Oslo og ved "De Sandvigske samlinger" (Maihaugen) på Lillehammer i tillegg til perioder som gardbrukar på Valbjør, garden til Gunnhild. Heile tida hadde han eit sterkt engasjement for folkemusikk og han var ei drivkraft i å samle kunnskap om gamle tradisjonar og ikkje minst i å blåse nytt liv i dei. Han hadde såleis mykje å seie for den oppblomstringa som har vore innan "eldre folkemusikkinstrument" som munnharpe, salmodikon, langeleik, bukkehorn, lur og fløyter. Han har vore redaktør i Spelemannsbladet. Han gav mellom anna ut bøkene "Fra skorofele til salmodikon" og "Kantor Lars Roverud og hans salmodikon".
Rolf
Oddvar Karlberg er fødd 26. mars 1931 i Oslo.
Bjørgulv var ein av dei som bidrog til eit nytt
gjennombrot for munnharpa i 80-åra. Kassetten "Luftslaget", den
første utgjevinga med munnharpe som hovudinstrument, vekte stor interesse hos
mange unge, og vart retningsgjevande for den nye trenden i munnharpespel i
mange år framover. Utanom at han skapte ein ny spelestil, har Bjørgulv også
halde mange munnharpekurs, både i Setesdal og rundt i landet. Han har gjeve
ut CD’ane Frå ætt til ætt og Hrynhendt, den siste saman med
pianisten Øystein Kikut. Han har og vore med på fleire andre produksjonar,
som Frå Senegal til Setesdal saman
med Kirsten Bråten Berg, Solo Cissokho og Kouame Sereba. Både her heime og i utlandet har han opparbeidd
seg et stort namn som ein av dei beste og mest produktive munnharpesmedane våre. Bjørgulv har eit
drivende godt dansespill, og han har vore med på å gjere munnharpa attraktiv
som instrument til dans på kappleiker og i andre samanhengar. Han har vunne
klassa for eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken to gonger, og dette
førde til at munnharpa vart oppfatta som eit seriøst instrument.
Reidar
Sevåg har hatt ei sentral rolle innan folkemusikkforskninga i Noreg. Han var
konservator ved Norsk Folkemuseum frå 1947 til 1972, og seinare
førsteamanuensis ved Norsk folkemusikksamling, Universitetet i Oslo. Sevåg var med i redaksjonen for verket
Hardingfeleslåttar, Norsk folkemusikk, Serie I (1979, 1981), og har publisert
ei rekkje artiklar om norsk folkemusikk både i Noreg og internasjonalt. Boka
Det gjallar og det læt (1973), som handlar om folkelege musikkinstrument, er
blitt ein klassikar. Sevåg har også vore leiar av Norsk folkemusikklag, frå
1965 til 1980. I
1966 var Reidar Sevåg med i det populære TV-programmet Falkeklubben, der han
fortalde om munnharpa. Dette var hovudårsaken til den store munnharpe-boomen
på slutten av sekstitalet. På
1970-talet laga han radioprogram om eldre folkemusikkinstrument. Her fekk
mange for første gong høyre munnharpespel av dei gamle meistrane. Dette har,
saman med engasjerande formidlingsarbeid retta mot studentar ved UiO og mot
barn og ungdom på Norsk Folkemuseum, skapt grunnlaget for den aukande
interessen for dette instrumentet i dag. Sevåg fekk også valdrisen Arne
Haugli, som var vaktmeister på museet på den tida, til å produsere munnharper
for å møte den aukende etterspurnaden. Hauglis munnharpe vart ein suksess,
han laga over 600.
Medlemsbladet Munnharpa: -
artiklar
om kjente munnharpe-spelemenn, munnharpesmedar og om munnharpetradisjonar i
Norge, -
aktuelt
stoff om kva som skjer i samband med munnharpefestivalane, -
nytt
fra inn- og utland, -
CD-utgjevingar
og andre spesielle hendingar, -
lesarbrev
frå interesserte og engasjerte lesarar. Redaksjonen
tek gjerne imot stoff frå lesarane! Kontakt Bernhard Folkestad, E-post:
bernhard.folkestad<krøllalfa>gmail.com (Spam-filter; erstatt
<krøllalfa> med @.) Er du interessert i å få E-post om aktuelle hendingar? Send melding til: si-solb<krøllalfa>frisurf.no (Spam-filter; erstatt <krøllalfa> med @.) Web-redaktør er Einar Turtum. E-post: eturtum<krøllalfa>online.no (Spam filter; erstatt <krøllalfa> med @.) |
||||||||
|
©2000
Norsk Munnharpeforum Sist oppdatert 2011-11-10 |
||||||||