|
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Viktige datoar i 2012: 1. mars: Munnharpekonsert på Riksscenen i Oslo 11. - 13. mai: Smikurs/munnharpekurs på Gjøvik 21. - 23. september: Norsk Munnharpefestival på Bø.
Har du ikkje fått ”Munnharpa” i det siste? Da kan grunnen vera at: 1- Du har ikkje betalt kontingenten 2- Du har flytta utan å melde frå om ny
adresse
Internasjonal munnharpedag 30.november Under den sjuande munnharpefestival og
-kongress i Yakutsk erklærte presidenten i Sakha-Yakutia, Mr Borisov, at den 30. november skulle vera
den offisielle Khomus-dagen / munnharpedagen. På denne dagen vil folket i Sakha-Yakutia
feire Khomus'en.
Eit knippe av munnharpespelarar frå munnharpefestivalen i
Jakutsk.
Norsk Munnharpefestival 2011 er over Nok ein munnharpefestival er vel gjennomført. For andre
gong var det i samarbeid med Norsk Langeleikforum.
Festivalmusikar Tom Willy Rustad saman
med Jo Asgeir Lie. Konserten
på Sundrehall:
Dugnadskonserten:
Nybyrjarkurs:
Meisterklassa:
Sterk munnharpeklasse på Landskappleiken! Resultat Munnharpe, senior
Vi gratulerer vinnaren og takkar alle
deltakarane for innsatsen!
7. internasjonale munnharpefestival i
Yakutsk 22. til 26. juni 2011
Svein Westad vart tildelt tittelen ”World
khomus virtuoso” av Nikolay Shishigin
Deltakarar på Ysyakh (nyttår- og
midtsommarfeiring) formar gigantisk munnharpe medan dei spelar. Under festivalen vart det sett
Guinnes-rekord i munnharpespel med 2011 musikarar som spela
samtidig.
Kurs i Munnharpesmiing på Gjøvik Her er nokre glimt frå samlinga.
Alle foto: Mona Ottesen Herpå
nettsida til Oppland Arbeiderblad finn du foto frå kurset i 2010. Dei er
tekne av Lasse Stang. Her er ein video frå
samlinga på Gjøvik, laga av Morten Rognstad.
Ny munnharpe-CD
Munnharpespel under opninga av Riksscenen
Kurs i munnharpespeling I tillegg til kursa under Munnharpefestivalen, er det av og til kurs på andre folkemusikkstemne. Send tips om andre kurs til: eturtum<krøllalfa>online.no
Facebookgruppe og blogg Facebook har fleire munnharpegrupper. Her er Munnharpa,
sida til Veronika Søum. Meld deg på! Jon ØysteinFlink har starta ein munnharpeblogg. Stikk innom, her finn vi nok mykje artig spell framover!
Ny munnharpe-CD! Rammeslag II Sigurd Brokke på munnharpe og Daniel Sandén-Warg på
hardingfele. Les omtale
på folkemusikk.no her.
Fille-Vern Referanseverk om norsk
munnharpetradisjon
Den andre CDen inneheld stort sett låtar frå Landskappleiken og NMF-festivalane teke opp i tidsrommet 1995 til 2005. Her er meistrar som dagens fesivalpublikum kjenner att. Pakka inneheld totalt 93 slåttar med ei speletid på tett oppunder to og ein halv time pluss eit 104 siders teksthefte med omtale av tradisjonar og spelemenn, noter og bilete (halvparten er engelsk omsetjing). "Fille-Vern" blir gjeve ut i samarbeid med plateselskapet Ta:lik og NRK og er støtta av Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk folkemusikk og danselag og Sparebankstiftelsen DnB NOR. Konklusjonen
er at dette er eit album som alle som er interesserte i tradisjonsspel på
munnharpe må ha! Dette er rett og slett eit referanseverk. Vi takkar
dei som har lagt ned så mykje arbeid i å få dette til! Strålande kritikkar Sjå for eksempel kva "musikkguiden groove.no" skriv: "Utgivelser
som dette er sjelden kost, også i internasjonal sammenheng. At Fille-vern er
en av årets viktigste og mest gedigne, er hevet over tvil. Jeg startet med å
kalle plata et monument over munnharpa. Det er et monument over et høyst
levende, vibrant, elektrifiserende instrument som har fått nytt liv og ny
kraft gjennom ildsjelers kjærlighet og kulturforankring. Måtte lyden fra denne
utgivelsen bære langt. Jeg er ikke i tvil; dette er årets norske plate." Heile
artikkelen finn du her: http://www.groove.no/html/review/96255731.html Vi tek til slutt med baksideteksta som forklarar opphavet til namnet på låten og CDen: "Fille-Vern"
var tilnavnet til Vern Auversson (f.1792) som han hadde fått fordi han
handlet med filler, et viktig råmateriale i datidas papirproduksjon. Slåtten av samme navn var ganske
enkelt hans yndlingsslått. Den er fortsatt trolig den mest spilte slåtten
blant munnharpespelemenn i Setesdalstradisjonen, noe hele sju versjoner på
denne utgivelsen vitner om. Foruten slåtter fra Setesdal, der Vern handlet
sine filler, får du høre munnharpespill fra alle de viktigste
tradisjonsområdene i Norge, som Telemark, Hallingdal, Gudbrandsdalen og
Valdres. Med et sjeldent dokumentert instrument som kanskje har røtter helt
tilbake til vikingtid, presenteres på denne dobbelt CD-en for første gang
opptak med både avdøde og nålevende spelemenn som dekker et tidsrom fra 1937
og fram til i dag.
Doktoravhandling i musikkarkeologi om munnharpe
Gjermund
Kolltveit har dokumentert og analysert 830 munnharper fra arkeologiske
utgravningar i Europa. Materialet representerer fleire hundre år med
munnharpehistorie, dei fleste instrumenta er frå perioden 1200-1600. Last ned samandrag her.
Munnharpa og Norsk
Munnharpeforum
Munnharpe
og skrin laga av Leif Arne Bakke Norsk
Munnharpeforum er eit forum for alle som er interesserte i munnharpe,
enten det er for å høyre på, for å lære og spela sjølv eller for dei som gjerne
vil lære å lage sine eigne munnharper. Vi er ein ung, men raskt veksande
organisasjon med både norske og utanlandske medlemmar. Medlemsbladet
Munnharpa blir gjeve ut fire gonger i året.
Munnharper
laga av smedar fra Setesdal: 1: Knut Nikolson Berg, ca 1930. 2: Knut Gjermundson Hovet, ca.1970. 3: Knut Tveit, ca.1988. 4: Bjørgulv Straume, ca.1998. 5: Folke Nesland, ca.1995. 6: Bjørgulv Rysstad, ca.1994
Massingharper: 1: Munnharpe-Jakob (Jakob Lavoll), 2003. 2: Einar Turtum, 2005. 3: Leif Arne Bakke, 2005. Det viktigaste arbeidet vårt er å arrangere årlege festivalar. Vi har vanlegvis deltakarar
frå mange land, men fleire av festivalane har vore arrangerte i samarbeid med
"det internasjonale munnharpeforbundet", sist gong var "den 4.
internasjonale festival og kongress for munnharpe" på Rauland i 2002. Norsk Munnharpeforbund arbeider også for å gje ut ny og
gamal munnharpemusikk på CD og DVD. Spesielt kan vi nemne ein dobbel DVD og
ein dobbel CD + DVD frå Rauland 2002. Du finn meir informasjon under produksjonar.
Er du ute etter musikk med munnharpe, norsk eller
utenlandsk, finner du ei oversikt her. Er du interessert i å kjøpe ei god munnharpe, har vi ei
oversikt over norske munnharpesmedar. Er du interessert i å få E-post om aktuelle hendingar? Send melding til: si-solb<krøllalfa>frisurf.no (Spam-filter; erstatt <krøllalfa> med @.) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
©2000
Norsk Munnharpeforum Sist oppdatert 2012-01-13 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||